Mats Mæland
Mats Mæland står bak @mats.ceramics. Han arbeider med keramikk på dreieskiva og let det taktile stå i sentrum. I ei stadig meir digitalisert verd ønskjer han å løfte fram verdien av godt handverk.
Kvar gjenstand han lagar er forma for hand av naturleg leire med presisjon og omtanke. Der ingen to er like. På kort tid har han levert keramikk til fleire restaurantar over heile Noreg. Mats likar å eksperimentere med både form og farge, og let nysgjerrigheten styre prosessen.
Hva er grunnen til at du startet med akkurat dette? Til vanleg jobbar eg som grafisk designar i reklamebransjen, der dagane ofte blir lange framfor skjermen. Difor kjennest det ekstra godt å kunne kople av med noko taktilt og handfast. I keramikkarbeidet får eg høve til å utfalde kreativiteten, og setje både tolmodet og sansen for presisjon på prøve. Det er rett og slett utruleg gøy!
Favorittsteder i Oslo? Her må eg sjølvsagt trekkje fram restauranten Liminal. Her får du oppleve mat på sitt aller beste, verkeleg peak matoppleving! Eg er kanskje litt partisk, sidan dette var den første restauranten eg leverte skåler til, men maten her er 10/10, eg lovar 😉

