Ola G. Snippen har ein master i kunst, design og handverk og er oppteken av godt design som ikkje gjeng på bekostning av naturen. Han har mellom anna plantefarga silkeskjerf og designa hekla vesker av norsk-produsert garn. Då han laga eit notatboketui i resteskinn for nokre år tilbake fekk han stor etterspurnad frå andre som og ville ha det.
Hva er grunnen til at du/dere startet med akkurat dette?
Eg driv på med alt mogleg kreativ, og det er alltid i notatboka at ideane mine først tek form. Difor var det viktig for meg å lage et etui som både var vakkert og funksjonelt og som kan vere ved mi side i alle år framover. Eg trur på natur-materialer og bruka difor skinn som vil få ein patina saman med meg, og ideen bak dei plantefarga silkeskjerfa var å lage noko som ikkje vil etterlate spor om det blir lagt i naturen. Den same tanken har eg med meg i det meste eg lagar: kor fort vil naturen ta dette tilbake. Også er det utruleg spanande å arbeide i spennet natur og kultur, og kva det vil seie å vere menneske.
En funfact om prosessen / produktet?
Notatboketuia lagar eg i hovudsak av resteskinn, frå mellom anna Aurlands som mange kanskje kjenner som den originale Penny Loaferen. Og silkeskjerfa er veva og sydd i 100% silke og farga med berre naturlege materiale og bindemiddel, så dei er så naturlege som eit silkeskjerf nokon gong kan bli, spør du meg, hehe.
Favorittsteder eller favoritt-kreatører i Oslo?
Elsker sjølvsagt Lush Dive sin butikk på Grünerløkka, og Fluo Paper sin nettbutikk. Også må eg på Operataket kvar gong eg er innom Oslo - det er ein heilt unik plass som det er noko heilt spesielt med.

