NETTSIDE // INSTAGRAM // FACEBOOK
Rut Fjågesund (f. 1993) er busett på eit småbruk i Lunde, Telemark. Her har ho gjort om ein knivverkstad til eit lite tredreieri. Handverket og materialet er viktige i arbeida til Rut. Ho nyttar hovudsakleg lauvtre som lønn, ask, bjørk og alm.
Rut er opptatt av å kombinere handverket med eit moderne og reint formspråk. Formspråket er inspirert av den moderne nordiske designtradisjonen med enkle og funksjonelle former.
Hva er grunnen til at du/dere startet med akkurat dette?
Eg har alltid lilka å arbeide med hendene, men aldri heilt klart å finne ut av kva for teknikk og materiale eg vil arbeide med. Då eg studerte til å bli formingslærar, fordjupa eg meg i tredreiing, og etter nokon frå dagar var eg frelst og kjøpte min eigen dreiebenk.
En funfact om prosessen / produktet?
All tekstur på produktet er skore ut for hand med treskjærarjern, noko som gjer alle produkta heilt unike.
Hva er det beste med å være sin egen sjef?
Det beste med å vere sin eigen sjef må vere friheten til å kunne bestemme over kvardagen, og å kunne teste ut nye teknikkar og produkt akkurat når ein sjølv vil.

